Ingrid Skarstein - Minnetale i kirka
Mildrid Nesheim holdt minnetale for tidligere president Ingrid Skarstein i begravelsen 7. okt. 2016Kjære familie, kjære venner av Ingrid!
Det vart stilt rundt bordet på rotarymøtet forrige tirsdag da vi fekk meldinga om at Ingrid var død. Stilt og tomt!
Ingrid var ei drivande kraft i Meldal Rotaryklubb!
Ingrid kom inn som medlem i Meldal Rotaryklubb i 2012, og ho utmerka seg med engasjement frå første stund.
I 2014 vart ho president i klubben, og før ho tok på som president var ho på eit innføringskurs om Rotary for komande presidentar, og ho gløda da ho kom att. Ho hadde opplevd kor viktig Rotary er. Både det etiske fundamentet for rotarymedlemmer og påbodet om å gagne andre med det ein gjer. Å gagne andre fall lett for Ingrid, det låg i personlegdomen hennar! Dessutan var ho blitt opptatt av Polio Plus, Rotary International sitt arbeid for å utrydde polio frå alle land i verda. Ho kom stadig inn på kor viktig det var å bidra til dette arbeidet
Ho ville gjere Rotary kjent for folk, og på Bergmannsdagen i 2014 hadde Meldal Rotary stand, og Ingrid bemanna standen heile dagen. Ho syntest det var artig å snakke med folk om Rotary.
Meldal Rotaryklubb feira sine 50 år hausten 2014, og Ingrid gjekk inn i førebuingsarbeidet med all si arbeidsglede, og gjennomførde ein flott 50-årsfest. Vi fekk og presseoppslag på det, både intervju med Ingrid på førehand, og oppslag frå festen.
I tillegg til målsettinga om å gjere Rotary meir kjent, skulle klubben få fleire medlemmer. Og klubben fekk 8 nye medlemmer i Ingrid sin presidentperiode.
Ingrid var ein stor miljøskapar, med smil, ein god replikk og ein herleg latter der ho sat og strikka på møta. Og så laga ho kaker til kaffen på møta – kvar veke, heimebaka kaker, heimelaga is eller vafler, men helst kaker. Det var spennande å kome på møta og sjå kva kake som vart servert, og like godt var det kvar gong.
Da ho hadde slutta som president, vart Ingrid beden om å gå inn som assisterande guvernør i distrikt 2275, Sør-Trøndelag, og ho gledde seg over det. Ho ville så gjerne arbeide vidare med å styrke Rotary og gjere organisasjonen meir kjent. Og ho var på rotarykonferanse i Harstad forrige helg, da ho på turen heim vart sjuk.
Eg vil på vegne av Meldal Rotaryklubb få legge på ei siste helsing, og eg vil og på vegne av distrikt 2275 av Rotary få bære fram ei siste helsing.
Sløyfelesing: Takk for stort engasjement! Meldal Rotaryklubb
Takk og farvel. Distrikt 2275 av Rotary.
Fred med minnet ditt, Ingrid!
23. november 2016
15.11.16 AG-Tre v/ daglig leder Gjest Ove Lilleås
Lilleås holdt innlegg om panelprodusenten AG-Tre på Storås.
12. november 2016
25.10.16. Intercitymøte med Orkdal RK
Det var Ordføreren i Agdenes kommune, Oddvar Indergård som hadde programmet.

20. oktober 2016
18.10.16 Klubbmøte
Erik T. Loe hadde 3-minutter og vi hadde vanlig styremøte på Orkla Gjestebolig
20. oktober 2016
Ingrid Skarstein - Minnetale i kirka
Mildrid Nesheim holdt minnetale for tidligere president Ingrid Skarstein i begravelsen 7. okt. 2016
13. oktober 2016
11.10.2016 Storbuan Økosamfunn presenterte seg
3-minutter ved Frode Langeng, som fortalte om mauriske kunstgjenstander
10. oktober 2016
4.10.2016 Odd Lykkja om utvikling i landbruket. Minneord om Ingrid Skarstein
Olav Sigurd Kvaale mintes Ingrid Skarstein

1. oktober 2016
27.09.2016 Ola Fossvold holdt foredrag om jus og rettssikkerhet
Arve Jørstad hadde 3-minutt, og vi fikk en meget trist beskjed.
25. september 2016
20.9.2016: «Nye» Salvesen&Thams AS v/ daglig leder Per Kirkaune
Per Kirkaune fortalte om hvordan Salvesen&Thams driver virksomheten nå, og Thorleif Hove hadde 3-minutter.
17. september 2016
13.09.2016 Havbruksnæring med Lars Gåsø
Lars Gåsø (bilde) fortalte om den voksende sjømatnæringen. 3 minutter ved Oddmund Stenset.